Innreiingshjelp

For å kunne skape varig interiørglede, må ein ta mange viktige val undervegs. Vi kan tilby alt frå enkel rettleiing til utarbeiding av komplette innreiingar til heim, hytte og kontor. Vi har fokus på heilskapleg gjennomføring, og ønskjer å tilby unike konsept tilpassa kvar enkelt kunde.

Vi hjelper deg på vegen til ein koseleg heim

Vår interiørfilosofi er at ein heim skal vere funksjonell, stilig, personleg og praktisk. Vi hjelper deg å kombinere nytt design med gamle skattar til ein harmonisk heilskap. Med tidlause møblar i høg kvalitet, i kombinasjon med nøye utvalt tilbehøyr, skapar vi smakfulle rom med karakter.

Møt oss i butikken

Vi ønskjer at kundane våre skal bli inspirerte hos oss. Oppleve å bli sett, høyrt og forstått. Vi har kunnskap – om detaljar, sett saman til ein god heilskap. Vi vil gi deg kjensla av å vere i dei beste hender gjennom heile prosessen. Frå draum til realisering. Ta gjerne med bilete, teikningar og mål til butikken. Her får du god hjelp til å setje saman tekstilar, fargar, tepper, lamper, møblar og interiør. Vi kan også komme heim til deg.

Møbeltapetsering

Møbeltapetsering

Å trekkje om og restaurere møblar er miljøvennleg og kostnadseffektivt, og innslag av brukte møblar i interiøret gir ein meir personleg og original stil. Har du eit kjært møbel som du ikkje heilt har hjarte til å kaste, eller eit «loppefunn» du vil ta vare på – ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

Vi tilbyr rådgjeving, og bidrar med idéar og fagkunnskap

Du kan velje møbelstoff frå mange ulike leverandørar. Vår samarbeidspartnar og dyktige møbeltapetserar, SAFA Møbeltrekking,
v/ Ali Alsbaih, har 18 års erfaring i faget og meistrar gamle og nye teknikkar.

Vi tilbyr omtrekking & restaurering av:

Møblar • Båt og Bilinteriør • Vi kan også lage puter til utemøblar med polypropylen som ytterstoff, og med quick dry skum som innmat. Det vil seie at vatnet drenerer rett igjennom, i staden for at vatnet blir sugd opp, som med vanleg skum/innmat.

Saum

Vi syr etter dine ønskjer. Ved bestilling tilbyr vi måltaking på staden – heime eller på jobb. Vår interiørkonsulent hjelper deg gjerne med konsultasjon om passande modellar, hjelp til farge- og stoffval, val av gardinskinner/gardinstenger og tilbehøyr.

Måltilpassa saum

Gardiner • Liftgardiner • Sengetepper • Puter

Gardiner, puter, sengetepper – ja kva det enn måtte vere. Vår samarbeidspartnar Marie Bogstad Myklebust har god fagleg bakgrunn og lang erfaring med saum. Med over 30 års erfaring som syerske kan vi gå god for eit godt resultat.

Ein av leverandørane våre, Designers Guild har åleine over 9500 typar stoff å velje mellom.