Kampanjar

Vi samarbeidar tett med leverandørane våre, og frå tid til anna får vi lov til å tilby deg møblar til kampanjeprisar. Kampanjane gjeld i ei avgrensa periode. Her kan du følgje med på aktuelle kampanjetilbod. Ta gjerne turen innom butikken vår der møblane er utstilte, slik at du får sjansen til å prøvesitte og kjenne på kvaliteten. Velkommen innom for å nytte sjansen til å gjere eit ekstra godt kjøp!

    6 for 5 på Scandia Junior og Scandia Prince

    Kampanjeperiode 27. juni – 7. august

    Scandia Junior og Prince fra Fjordfiesta, som vart designa av Hans Bratterud i 1957, er ikoniske i norsk og skandinavisk design. Dei stilreine spisestolane er laga av laminert eik eller valnøtt, heilfarga finer eller med lyse kantar. Fjordfiesta Prince er høgrygga. I desse stolane med sine enkle og organiske former sit du rett og slett godt. Dei passar like godt som enkeltståande stolar som mange rundt eit spisebord.

    Fjordfiesta er eit leiande norsk designselskap, som produserer i Norge. Møblane er klassiske og moderne, innovative i design og sjølvsagt berekraftige.

    fjordfiesta.com

    Ygg&Lyng

    10% på heile sortimentet
    15% på modellane BRIS, KYST og NON

    Kampanjeperiode 1. juli – 31. august

    Modulsofaen Bris er inspirert av den gode vår- og sommarkjensla. Dei vakre og friske fargane på innfatningene – sommergul, djup oliven og jordbrun harmonerer med fargene på putene. Bris er en behagelig og mjuk utesofa for solfylte og sommarglade øyeblikk!

    Kyst er ein moderne og komfortabel spisestol. Den kan stablast og putene kan takast av for vask. Ein luftig stol til spisebordet eller som enkeltståande stol.

    Non-serien gjenspeglar skandinavisk design, og her finn ein balansen mellom det praktiske og det leikne. Enkle og naturlege møbler med leikne former. Karakteristisk vinkla og avrunda seter, kjegleforma og slanke bein

    yggoglyng.no

      • Norske ikoniske stolar fra LK Hjelle - marias-hus.no

      LK Hjelle

      10% på heile sortimentet i standard tekstil- og hudkolleksjon

      Kampanjeperiode 1. juli – 31. august

      En stor og viktig del av LK Hjelle sine møblar er dei norske designikona frå 1960 og 70-talet. Møblane er minst like aktuelle og populære i dag.

      Ta ein kikk på  den lette, moderne og funksjonelle modellen 711 frå 1960. Modellen Siesta fra 1965 er den perfekte stolen for en klassisk siesta.  Falcon fra 1971 – med sitt tidlause og elegante uttrykk – passar inn i dei fleste interiør.

      hjelle.no